torsdag 7. april 2016

Vegen vidare.

Etter ei alt for lang periode, heilt, eller delvis utanfor arbeidslivet, er tida koma for å stake ut vegen vidare.

Kva kan eg,  og kva vil eg?


Ja, kva kan eg?
Det er eg jammen ikkje sikker på.
Sjølvkjensla blir ikkje akkurat styrka av å gå slik år etter år.
Men eg kjenner på eit stort behov for å føle meg nyttig, ikkje berre vere eit "herk".

På gøy brukar eg å seie at eg kan alt om ingenting.

Utan å skryte, så er eg vel litt over middels kreativ.
Heldigvis har tankar og idear levd i beste velgåande i denne sjukdomsperioda.
Når ein ligg på sofaen dag ut og dag inn, får ein om ikkje anna tid til å tenkje.

Eg er middels skuleflink, med kunnskap og utdanning i diverse retningar.
Eit eller anna må eg vel vere brukande til?

Eg er patentleg, pliktoppfyllande, og arbeidsom, sjølv om CV'en min dei siste åra ikkje ser slik ut.
Forstår godt at folk er skeptisk til å ansette meg, men eg må berre beklage at eg vart sjuk.
Litt positivt kan eg imidlertid slå i bordet med.
Delvis liggande på sofaen har eg teke eksamen i medisingrunnfag, samt kara meg til fleire studiepoeng både i matematikk og innovasjon.

Kva vil eg?
Enda eit vanskeleg spørsmål, men eg konstaterer at eg i alle fall veit kva eg ikkje vil.
Etter positive og negative erfaringar med NAV, norsk helsevesen, arbeidsliv m.m. har eg hausta mykje nyttig lærdom, samt endra meg som menneske (til det betre, trur eg).

Det er så gale, nærmar meg faretruande 47 år, men har fortsatt ikkje klart å bestemme meg for kva eg skal bli når eg blir stor.
Skal eg fylgje hjerte eller fornufta?
Starte frå "scratch" igjen?

Uansett kor eg vrir og vender på det, så blir eg minstepensjonist, så eg må vel berre belage meg på å jobbe til eg er 67?
Shit, og eg som hadde planar om å pensjonere meg når eg vart 50, flytte til Spania og skrive romanar.

Eg er ikkje kravstor, vil berre gjere nytte for meg, og føle at eg lever.
Eg vil bruke kreativiteten min. Har mykje på lager.
Eg må omgås folk, saknar å ha kollegaer.
Saknar å måtte ta på meg noko anna enn ei utslita joggebukse kvar dag, ta sveisen, og at nokon "ventar" på meg.
Eg kan ikkje berre gå her i audemarka i lag med desse saudane, som for øvrig elskar meg over alt på jord, fordi eg serverer dei så mykje snadder. Bacalao, sjokoladekake, marsipan m.m.


Slik som arbeidssituasjonen er i området her, så kan eg nok ikkje velge og vrake i jobbar.
Om ikkje anna råd, så får eg berre skape min eigen arbeidsplass, eit eller anna skal eg i alle fall styre med. Og trua og pågangsmotet klarer ingen å ta frå meg.



                                       


Skunda meg å stilte meg under regnbogen i dag, i håp om at ynskja mine skal gå i oppfylling.

Veronica

3 kommentarer:

  1. Herlege Veronica. Ta sats og gjer det hjartet ditt vil. Ej seie :Bruk den flotte kreativiteten din. Vi trenge alle vakkre ting å sjå på,gi vekk..... Kanskje verte det ikkje så mykje pengar av det,men det kan det bli. Vi bur utafor allfarveg,men....Du har det i deg,du fpr til det du vil. HJARTET DITT ,følg det,ikkje andre sitt.��Snart 47,ingen alder som seie at du ikkje skal gjere det. Klem frå meg.
    Ps. Messe i Vike-Petterløda i nov.����

    SvarSlett
  2. Herlege Veronica. Ta sats og gjer det hjartet ditt vil. Ej seie :Bruk den flotte kreativiteten din. Vi trenge alle vakkre ting å sjå på,gi vekk..... Kanskje verte det ikkje så mykje pengar av det,men det kan det bli. Vi bur utafor allfarveg,men....Du har det i deg,du fpr til det du vil. HJARTET DITT ,følg det,ikkje andre sitt.��Snart 47,ingen alder som seie at du ikkje skal gjere det. Klem frå meg.
    Ps. Messe i Vike-Petterløda i nov.����

    SvarSlett